.

Miljøvernministaren iniviterte til åpning av nasjonalpark

Lákho er ei urørd perle, skriv miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i denne artikkelen om den nye nasjonalparken som vart åpna laurdag 10. august.

Vår 36. nasjonalpark på fastlands-Noreg er no verna, det har fått  det lulesamiske namnet Láhko. Nasjonalparken ligg i dei tre kommunane, Beiarn, Gildeskål og  Meløy, og er på til saman rundt 188 kvadratkilometer. Laurdag 10. august skjer den store åpninga i parken. Det gler eg meg stort til!

Láhko nasjonalpark, det er ei urørd perle omgjeven av store naturinngrep. Det er viktig at vi tek vare på desse sokalla restområda.  Det blir stadig færre slike i Noreg. Dei treng eit særskilt vern og difor nyttar vi naturmangfaldlova til å verne dei for komande generasjonar.

Láhko nasjonalpark liknar ikkje noko annan nasjonalpark i Noreg. Her er det stort sett høgfjellsnatur, og med eit naturmangfald som er unikt for Noreg. Geologien særmerker denne nasjonalparken.

Her er steinformasjonar som stikk opp av bakken. Dei kan faktisk likne ei sjøløve, ein hund, eit menneskje som held knyttneven i veret. Her er grotter og holar med naturen sine eigne holemalerier. Her er naturlege steinbruer og trappetrinn som regnvatnet har grøvd ut av fjellet. Kalkstein har skapt dette landskapet. Dette er det største samanhengjande  karstområdet i Noreg – og unikt i Europa.

Karst er eit omgrep på geologiske landskapsformasjonar danna gjennom oppløysing av løyseleg berggrunn, i dette tilfellet kalkfjell. Dette særmerkte kartslandskapet og den spesielle berggrunnen med det rike plantelivet, er hovudgrunngjevinga for vernet av Láhko nasjonalpark.  

Den kalkrike berggrunnen gjev grunnlag for eit rikt planteliv med over 260 registrerte planteartar. Av dei meir spesielle plantene kan nemnast grønnlandsstarr og nordleg tinderublom. Dette er naturleg sjeldsynte planter med særs avgrensa og eigenarta utbreiing. Slike utpostlokalitetar som vi finn i Láhko kan vere avgjerande for framtidig overleving for slike artar. Andre planter som kan nemnast er svartbakkestjerne, lapprublom og rosekarse.

Mange av vatna i nasjonalparken har eit høgt innhald av oppløyst kalk, og dei vert difor kalla kalksjøar, ein naturtype som er sterkt trua i Noreg. I desse kalksjøane finn vi såkalla kransalger som til dømes gråkrans og kandaglattkrans. Dette er sjeldne algar som det er viktig å ta vare på. Nasjonalparken er eit nasjonalt kjerneområde for arten gråkrans.

Láhko er eit av få større høgfjellsområda som er lett tilgjengelege for lokalbefolkninga. Eg er glad for at mange nyttar området til friluftsliv. Gjennom jakt, fiske og turgåing opplever mange den fantastiske naturen i nasjonalparken.  Tilgang til utleigehytter og T-merka stiger som går gjennom sentrale delar av Láhko gjer området tilgjengeleg. Om vinteren kan folk følgje dei merka skiløypene. Dei som ynskjer å oppleva meir villmarksprega natur utan tilrettelegging, finn slike område i dei nordre delane av nasjonalparken.

Láhko er ein stad å vandre i fjellet, klatre på steinformasjonane, fiske og utforske grotter og huler. Her er det det enkle friluftslivet som regjerer,. Her skjer friluftslivet på naturen sine premisser. Og dei som ferdast i området må ta omsyn til reindrifta.

Nasjonalparken er ikkje ubrukt og jomfrueleg. Her har folk drive med jakt og fangst i generasjonar. Kulturspora som er funne i området er i hovudsak knytt til samisk reindrift. Dei fyrste kjeldene om reindrift i området går attende til 1600-tallet. Reindrifta i området var den gongen ein del av den grenseoverskridande reindrifta som blei dreve av samer frå Arjeplog. I dag inngår Láhko i Saltfjellet reinbeitedistrikt.

Láhko grenser inntil Saltfjellet-Svartisen nasjonalpark og ligg i nærleiken til nasjonalparkane Sjunkhatten og Junkerdal, samt ei rekkje mindre verneområde i same region. Verneområda er viktige attraksjoner for turistar, og med det etablering av mellom anna bedriftar innan reiselivet i randsonene.

Vi må bruke Láhko på ein skånsom måte og ta naudsynt omsyn til reinen i sårbare perioder.

 

Det er no den verkelege jobben med nasjonalparken startar. Vi skal forvalte dette området like godt som generasjonane før oss. Eg er difor glad for at dei tre kommunane har sagt ja til å bli med å forvalte denne flotte nasjonalparken. Midtre Nordland nasjonalparkstyre skal forvalte nasjonalparken på vegne av oss alle. Ikkje på vegne av seg sjølve, men på vegne av heile nasjonen. Nasjonlalparktyret skal forvalte nasjonale og internasjonale verdier som har lege der i millionar av år. Det er eit stort og viktig ansvar.

 

Midtre Nordland nasjonalparksstyre var det fyrste nasjonalparkstyret som vart oppretta då vi innførte lokal forvaltning i 2010. Dette styret har allereie opparbeidd erfaring og kompetanse. Eg er difor trygg på at Láhko er i dei aller beste hender.

 

Det er ei stor glede for meg å få kunne vere med på den offisielle opninga av Láhko nasjonalpark den 10.august. Eg håper at mange vil møte opp og feire Láhko nasjonalpark, og at vi saman kan gå ein tur i nasjonalparken.

 

Program for dagen Lenke til et annet nettsted.

Les mer om Lahko nasjonalpark Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert