Byggavfall - kjeldesortering
Kort fortalt
Skal du byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, må du lage ein plan for korleis du skal handtere avfallet.
Beskrivelse
Alle som skal byggje, rive eller rehabilitere bygg av ein viss storleik, skal lage ein plan for korleis avfallet skal handterast (gjeld òg tiltak som ikkje er søknadspliktige etter plan- og bygningslova). Minst 60 prosent av avfallet må kjeldesorterast. Målet er mellom anna å hindre at miljøfarlege stoff blir spreidde, redusere mengda byggavfall og auke gjenbruk og gjenvinning. Etter at tiltaket er fullført, skal avfallsprodusenten sende inn sluttrapport som dokumenterer kor mykje som er innlevert av dei ulike avfallsfraksjonane. Etter byggesaksforskrifta § 8-1 skal sluttrapport sendast inn saman med søknad om ferdigattest. Alt avfall frå riving og miljøsanering må handterast og dokumenterast før du kan få ferdigattest.
Målgruppe
Avfallsprodusentar, det vil seie tiltakshavarar (byggherrar) og ansvarleg utførande føretak
Kriterier
Kravet om avfallsplan gjeld mellom anna
- nybygg over 300 m2 bruksareal
- riving/rehabilitering av bygg over 100 m2 bruksareal
- fasadeendring eller vesentleg reparasjon av bygg over 100 m2 bruksareal
- dersom tiltaket genererer meir enn 10 tonn byggavfall.
Regelverk
Sjå spesielt- Byggteknisk forskrift (TEK 17) kapittel 9 Ytre miljø
- Byggesaksforskrifta (SAK 10) § 8-1
- Avvfallsforskrifta kapittel 11
Forskrifter
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Ein tilrår at du nyttar skjemaa for avfallsplan og sluttrapport (sjå under). I samband med rehabilitering og riving skal du òg utarbeide ei eiga miljøsaneringsutgreiing for farleg avfall.
Avfallsplanen skal m.a. innehalde
- eit estimat over mengder og typar byggavfall som vil oppstå i samband med tiltaket
- ein plan for korleis byggavfallet skal handterast og disponerast
Vedlegg
Saman med sluttrapporten skal du levere kopi av kvitteringar for avfallet som er levert.
Dette kan vere
- ordinær kvittering frå avfallsmottak
- deklarasjonsskjema for farleg avfall (det er deklarasjonsplikt ved levering av farleg avfall)
- eigenmeldingsskjema (dersom du til dømes har selt takstein eller treverk eller brukt nedknust betong som fyllmasse eller tilsats på byggjeplass)
Saksbehandling
For tiltak som både
- krev søknad og løyve etter plan- og bygningslova og
- utløyser krav om avfallsplan og eventuell miljøsaneringsutgreiing
Saksbehandlingstid
Vil vere avhengig av byggjesaka og type byggjetiltak
Klagemulighet
Dersom du ikkje får godkjenning, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 05.03.2024
Prisar
Tekniske tjenester
Betalingsregulativ for tekniske tjenester finner du HER pdf, 248 kB, åpnes i nytt vindu.
Relatert informasjon
Skjema
- Utslippstillatelse
- Snøscooter, legeerklæring
- Sanitærabonnement, søknad om
- Nabosamtykke
- Dispensasjon fra byggegrenser
- Dispensasjon for tiltak på eiendom, søknad om
- Bolyst - søknad om støtte fra Bolystfondet
- Avkjørsel fra offentlig vei (Statens vegvesen)
- Anmodning om forhåndskonferanse (KF-414)
- Avkjørsel fra offentlig vei - søknad (KF-455)
- Dispensasjon fra byggeregler - Søknad om (KF-837)
Tjenestebeskrivelser
- Byggavfall - kildesortering
- Farleg avfall
- Farlig avfall
- Returordningar for avfall
- Returordninger for avfall
- Bolig - Mikrohus
- Bruksendring
- Bustad - oppføring av ny bustad
- Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve
- Førehandskonferanse
- Mindre byggjetiltak på utbygd eigedom
- Nabovarsel - byggjesak
- Sikring og rehabilitering av bygg
- Sjølvbyggjar
- Selvbygger
- Sikring og rehabilitering av bygg
- Vannforsyning - drikkevann
- Bruksendring
- Byggetiltak som ikke krever søknad og tillatelse
- Forhåndskonferanse
- Mindre byggetiltak på bebygd eiendom
- Nabovarsel - byggesak
- Bolig - Mikrohus
- Bolig - oppføring av ny bolig
- Vassforsyning - drikkevatn
- Driftsbygning i landbruket
- Bygge- og aktivitetsforbud langs offentlig veg - dispensasjon
- Driftsbygning i landbruket
Sist oppdatert
