Introduksjonsprogram for innvandrarar
Kort fortalt
Introduksjonsprogrammet er ein startpakke til deg som nyleg er blitt busett i ein kommune. Når du har gjennomført programmet skal du ha fått opplæring og kompetanse som gjer at du kan søkje jobb og bli økonomisk sjølvstendig.
Beskrivelse
Kompetansekartlegging Anten rett før eller rett etter at du har blitt busett vil kommunen kartleggje kva du har av språkkunnskapar, utdanning, arbeidserfaring eller annan kompetanse som kan vere relevant. Karrierevegleidning Etter kartlegging av kompetanse, vil fylkeskommunen gi deg karrierevegleidning og sørgje for at introduksjonsprogrammet blir tilpassa deg og behova dine. Integreringsplan og kontrakt I samarbeid med deg vil kommunen lage ein plan som blant anna inneheld måla, lengda og yrkesplanane dine. Samtidig skriv du ein kontrakt med kommunen. Kontrakten forpliktar deg til å følgje måla og programmet. Introduksjonsprogrammet Når du startar programmet, vil kommunen saman med deg setje eit mål for kva du skal ha oppnått når programmet er slutt. Dersom du har vidaregåande utdanning, vil sluttmålet vere å kvalifisere til høgare utdanning. Dersom du er under 25 år og ikkje har vidaregåande skule frå før, vil sluttmålet vere å fullføre vidaregåande skule. Du kjem til å lære:
- Norsk
- Samfunnskunnskap
- Livsmeistring i eit nytt land
- Anna som er relevant for arbeid eller utdanning
- Foreldreveiledning dersom du har barn.
Målgruppe
- Du er innvandrar og er mellom 18 og 55 år
- Du har fått opphaldsløyve
- Du er anten busett i ein kommune eller ventar på å bli busett.
Kriterier
Det finst forskjellige typar opphaldsløyve. Introduksjonsprogrammet er for deg som:
- Har opphaldsløyve som flyktning eller overføringsflyktning
- Har ein søknad om vern og dermed eit fornybart opphaldsløyve
- Har avgrensa opphaldsløyve grunna for eksempel ein familiesituasjon
- Har opphaldsløyve på grunn av vernebehov for ei heil gruppe
- Har opphaldsløyve fordi du er i familie med ein som har vore busett i mindre enn fem år
- Har fått fornybar opphaldsløyve på grunn av samlivsbrot og samlivet var prega av mishandling.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd oppgåve for kommunen. Sjå spesielt integreringslova kapittel 4 og 5 og § 47 om klage.Lover
Praktiske opplysninger
Saksbehandling
Kommunen skal sørgje for oppstart av introduksjonsprogrammet så snart som mogeleg, og seinast innan 3 månader etter busetjing. Du vil få eit deltakarprov når programmet er ferdig. Blir programmet avbrote av ein eller annan grunn, vil du framleis få deltakarprovet.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtak om
- løyving eller avslag på deltaking
- introduksjonsstønaden
- vesentlege endringar i integreringsplanen
- at programmet blir stansa
- at programmet blir forlengt
- godkjenning av permisjon
- søknad om fritak.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 05.01.2021
Relatert informasjon
Tjenestebeskrivelser
- Oahpásmahttinprográmma aitto boahtán báhtareddjiide
- İlticacılar yurdunda ikamet edenlere yönelik eğitim
- Yeni gelen mülteciler için tanıtım programı
- Интеграционная программа для вновь прибывших беженцев
- Курсы обучения для лиц, проживающих в центре приема беженцев
- Обучение норвежскому языку и обществоведению для иммигрантов
- Dárogiela ja servodatoahpu oahpahus olgoriikkalaččaide
- Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
- Opplæring for bebuarar i asylmottak
- Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar
- البرنامج التعريفي للاجئين القادمين حديثاً
- تدريس اللغة النرويجية وثقافة المجتمع للأجانب
- تعليم السكان في مركز استقبال اللاجئين
- Education for Residents in Asylum Reception Centers
- Introduction Program for Immigrants
- Norwegian Language and Social Studies Training for Foreigners
- Introduksjonsprogram for innvandrere
- Cours de norvégien et connaissance de la société pour les étrangers
- Formation destinée aux demandeurs d’asile en centre d’accueil
- Programme d’insertion pour les réfugiés nouvellement arrivés
- Opplæring for beboere i asylmottak
Sist oppdatert
