Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar
Kort fortalt
Som ny innvandrar skal du få opplæring i norsk språk og norsk samfunn slik at du og familien din kan få fotfeste i nytt land, kome inn på arbeidsmarknaden og få økonomisk sjølvstende.
Beskrivelse
Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal gjere deg i stand til å snakke norsk og forstå samfunnet. Opplæringa skal gi deg eit minimumsnivå i norsk. Opplæringa i samfunnskunnskap blir gitt på eit språk du forstår. Du vil også få ein opplæringsplan som skildrar måla for akkurat deg. Når opplæringa er ferdig må du ta ein avsluttande prøve. Då vil du også få eit deltakarprov.
Målgruppe
Du er innvandrar med opphaldsløyve. Du er mellom 18 og 67 år.
Kriterier
Du har både rett og plikt til å delta i opplæringa når du har opphaldsløyve i ein av desse kategoriane:
- har opphaldsløyve som flyktning eller overføringsflyktning
- har ein søknad om vern og dermed eit fornybart opphaldsløyve
- har avgrensa opphaldsløyve grunna for eksempel ein familiesituasjon
- har opphaldsløyve på grunn av vernebehov for ei heil gruppe
- har opphaldsløyve fordi du er i familie med ein som har vore busett i mindre enn fem år
- har fått fornybar opphaldsløyve på grunn av samlivsbrot og samlivet var prega av mishandling.
- har fått opphaldsløyve fordi du skal jobbe i Noreg
- har fått opphaldsløyve fordi du skal drive næring i Noreg
- har fått opphaldsløyve fordi du er familie med ein som jobbe eller drive næring i Noreg.
Pris for tjenesten
Kommunen kan ta betaling for dei som er i Noreg som arbeidsinnvandrarar eller i familie med desse.
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt integreringslova Kapittel 6.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kommunen tek kontakt med deg og avtaler når opplæringa skal begynne.
Saksbehandling
Tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal du få så snart som mogeleg og seinast innan tre månader etter at du er registrert i kommunen. Du vil få eit deltakarprov når opplæringa er ferdig. Blir opplæringa avbroten av ein eller annan grunn, vil du framleis få deltakarprovet.
Klagemulighet
Du kan klage på vedtak om
- løyving av eller avslag på deltaking
- vesentlege endringar i opplæringsplanen
- at opplæringa blir stansa
- godkjenning av permisjon
- søknad om fritak.
2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 24.03.2021
Relatert informasjon
Tjenestebeskrivelser
- Интеграционная программа для вновь прибывших беженцев
- Курсы обучения для лиц, проживающих в центре приема беженцев
- Обучение норвежскому языку и обществоведению для иммигрантов
- Dárogiela ja servodatoahpu oahpahus olgoriikkalaččaide
- Oahpásmahttinprográmma aitto boahtán báhtareddjiide
- İlticacılar yurdunda ikamet edenlere yönelik eğitim
- Yeni gelen mülteciler için tanıtım programı
- Cours de norvégien et connaissance de la société pour les étrangers
- Formation destinée aux demandeurs d’asile en centre d’accueil
- Programme d’insertion pour les réfugiés nouvellement arrivés
- Education for Residents in Asylum Reception Centers
- Introduction Program for Immigrants
- Norwegian Language and Social Studies Training for Foreigners
- البرنامج التعريفي للاجئين القادمين حديثاً
- تدريس اللغة النرويجية وثقافة المجتمع للأجانب
- تعليم السكان في مركز استقبال اللاجئين
- Opplæring for beboere i asylmottak
- Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendinger
- Opplæring for bebuarar i asylmottak
- Introduksjonsprogram for innvandrere
- Introduksjonsprogram for innvandrarar
Sist oppdatert
