Reguleringsplan - rett til å fremje forslag

Kort fortalt

Dersom du ønskjer å utvikle eit område eller ein eigedom som ikkje er regulert, kan du fremje eit privat forslag til detaljregulering.

Beskrivelse

Dersom du ønskjer å utvikle eit område eller ein eigedom, og kommunen ikkje allereie har ein plan for det området, har du rett til å fremje ditt eige forslag om regulering. Det blir kalla ei detaljregulering og må vere utarbeidt av fagkyndige. Planen gir grunnlag for å avklare kva byggjetiltak som kan gjennomførast i planområdet. Større byggjetiltak kan i hovudsak ikkje gjennomførast utan reguleringsplan.

Målgruppe

Private, tiltakshavarar, organisasjonar og andre styresmakter.

Kriterier

Ein privat reguleringsplan må vere utarbeidt av fagkyndige.

Pris for tjenesten

Kommunen kan krevje gebyr for private planforslag. Men kommunen har ein frist på seg for behandling av forslaget. Fristen er på 12 veker. Kommunen må tilbakebetale delar av gebyret ved lengre saksbehandlingstid enn 12 veker.

Regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå spesielt 
 
plan- og bygningslova §§ 4-1, 4-2, 4-3, 5-1, 12-8, 12-9, 12-10 og 12-11
 
forskrift om behandling av private forslag til detaljregulering etter pbl.

Lover

Praktiske opplysninger

Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten

Ein reguleringsplanprosess består av desse hovudtrinna:

  1. Sende planinitiativet til kommunen saman med førespurnad om oppstartsmøte.
  2. Kunngjere i avis e.l. om at planarbeidet blir starta.
  3. Kommunen held oppstartsmøte.
  4. Periode med eventuelle konsekvensutgreiingar, risikoanalysar og høyringar.
  5. Endeleg planforslag blir sendt til kommunen.
  6. Kommunen behandlar planforslaget og fattar vedtak innan 12 veker frå dei mottok det.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle forslaget innan 12 veker. Fristen begynner å springe når kommunen har motteke forslaget. Dersom planen ikkje oppfyller alle krava, og kommunen må etterspørje meir informasjon, vert fristen brote, og fortset igjen når kommunen har fått den etterspurte informasjonen. Behandlingstida blir avslutta når kommunen sender planen vidare til offentleg ettersyn.

Klagemulighet

Dersom kommunen stoppar planforslaget i oppstartsfasen, kan du krevje behandling av forslaget i kommunestyret. Dersom kommunen avslår det endelege forslaget i vedtak, og du meiner at det er grunnlaust, kan du krevje behandling av forslaget i kommunestyret.


2021 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 25.03.2021

Prisar

 

 Betalingsregulativ for tekniske tjenester finner du HER pdf, 248 kB, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert