Renovasjon
Kort fortalt
Det er kommunen som tømmer hushaldsavfall frå der du bur, og som har ansvaret for å leggja til rette for kjeldesortering. Som eigar av ein eigedom betaler du kommunen eit renovasjonsgebyr.
Beskrivelse
Avfallet ditt blir henta regelmessig og så godt det lèt seg gjera, utan sjenerande støy, lukt eller støv. Avfallsbehaldarane blir sette tilbake der dei var og grinder, portar og dører skal lukkast. Kommunen skal sørgja for kjeldesortering og innsamling av avfall frå
- Mat
- Plast
- Papp og papir
- Glass og metall
- Hager og hekkar
- Tekstiler.
Målgruppe
Private hushald.
Pris for tjenesten
Renovasjonsgebyret er fastsett i kommunal forskrift.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. Kommunen fastset ei renovasjonsforskrift som omtaler ordninga og rettar og plikter for kommunen, abonnenten og renovatøren.Sjå
Forurensingsloven § 30 Kommunal innsamling av husholdningsavfall
Avfallsforskrifta kapittel 10a.
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kommunen skal leggja til rette for kjeldesortering, medan alle hushald er pliktige til å sortera rett. Nokre døme på kva som høyrer inn under dei ulike avfallstypane er:
Matavfall
Kaffegrut, tørkepapir, skrottar, rekekall, feitt og matolje.
Plastavfall
Plastemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som sjampoflaske, innpakning for fisk eller kjøtt, druebeger, isboks, bobleplast
Papiravfall
Bok med mjuk perm, avis, vekeblad, brødposar i papir.
Glasavfall
Glassemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som syltetøyglas, glasflaske, hudkremkrukke i glas, medisinglas.
Metallavfall
Metallemballasje som du har skylt heilt tomt for restar, som hermetikkboksar, påleggstube i metall, syltetøylokk, drikkeboks utan pant, aliminiumsform.
Hageavfall
Gress, ugras, hageplantar, greiner, røter.
Tekstilavfall
Tekstiler skal sorterast anten som brukbare eller som øydelagde. Døme er bukser, sengetøy, handkle, skjerf, vottar, hattar, gardiner.
Klagemulighet
Ta kontakt med kommunen dersom avfallet ditt ikkje blir tømt.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 09.01.2025
Prisar
Renovasjon
Renovasjonsgebyr
Trykk her for å komme til renovasjonsgebyr fra Iris Salten: https://www.iris-salten.no/privat/slik-fungerer-det-i-salten/priser/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
