Sjølvbyggjar
Kort fortalt
Ønskjer du å byggje ditt eige hus eller hytte sjølv? Då må du søkje kommunen og få godkjenning som sjølvbyggjar.
Beskrivelse
Vanlegvis er det eit firma som står ansvarleg for byggjesaker av ein viss storleik eller kompleksitet. Men du kan søkje kommunen om å vere sjølvbyggjar. Det vil seie at det er du som står ansvarleg for søknad, prosjektering og utføring, sjølv om du bruker fagfolk til delar av arbeidet. Det mest vanlege er at du blir godkjend som ansvarleg utførande for heile eller delar av arbeidet, mens du har hjelp av eit firma til å søkje og prosjektere tiltaket.
Kriterier
Byggjetiltaket kan vere:
- heilårsbustad
- fritidsbustad
- garasje, uthus, påbygg, tilbygg
Pris for tjenesten
Du betalar eit gebyr for saksbehandlinga.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
- Slik forstår du kommunale planer Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Dette kan du bygge uten å søke Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Slik varsler du naboene Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- 8 steg fra idé til ferdig søknad Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Dette kan du bygge selv Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Direktoratet for byggkvalitet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Hvor stort kan du bygge Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Regelverk
SjåByggesaksforskriften § 6-8 Selvbygger
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om det å vere sjølvbyggjar. Då får du òg meir informasjon om kva kompetanse som blir kravd for å få godkjent ansvarsrett som søkjar, prosjekterande og utførande. Om du berre ønskjer å bli godkjend som ansvarleg utførande (som er det mest vanlege), må du også ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen som er knytt til sjølve byggjetiltaket. Søknaden om ansvarsrett skal følgje søknaden om løyve. Søknad om løyve kan òg delast opp. Når prosjekteringa er ferdig, blir det søkt om eit rammeløyve som avklarar rammene for tiltaket. Deretter, når ansvarleg føretak for utføringa og eventuell kontroll er bestemt, blir det søkt om igangsetjingsløyve. Når igangsetjingsløyvet er gjeve, kan du setje i gang arbeidet. Det er naturleg at søknad om ansvarsrett i dette tilfellet følgjer søknaden om igangsetjingsløyve (etter at rammeløyvet ligg føre).
Vedlegg
Dokumentasjon på erfaring og kompetanse
Saksbehandling
Du vil få beskjed om at kommunen behandlar saka di, og du vil få høve til å uttala deg. Kommunen skal innhenta alle nødvendige opplysningar for å avgjera saka, og du har rett til å sjå dokumenta i saka. Vedtaket vil innehalda grunngivinga til kommunen, korleis dei kom fram til avgjerda, og kven som har vore involvert i behandlinga. Vedtaket vil bli sendt til deg skriftleg.
Saksbehandlingstid
Ein fullstendig søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbyrja veke tidsfristen blir overskriden. Har det ikkje komme nokre merknader frå naboar/tverrbuarar og uttalar frå annan myndigheit ikkje er nødvendig, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen går ut, blir løyvet rekna for gjeve under føresetnad av at det du søkjer om, ikkje er i strid med gjeldande reglar og planar.
Klagemulighet
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.01.2025
Prisar
Tekniske tjenester
Betalingsregulativ for tekniske tjenester finner du HER pdf, 248 kB, åpnes i nytt vindu.
Relatert informasjon
Skjema
- Utslippstillatelse
- Snøscooter, legeerklæring
- Sanitærabonnement, søknad om
- Nabosamtykke
- Dispensasjon fra byggegrenser
- Dispensasjon for tiltak på eiendom, søknad om
- Bolyst - søknad om støtte fra Bolystfondet
- Avkjørsel fra offentlig vei (Statens vegvesen)
- Anmodning om forhåndskonferanse (KF-414)
- Avkjørsel fra offentlig vei - søknad (KF-455)
- Dispensasjon fra byggeregler - Søknad om (KF-837)
Tjenestebeskrivelser
- Bolig - Mikrohus
- Bolig - oppføring av ny bolig
- Selvbygger
- Sikring og rehabilitering av bygg
- Vannforsyning - drikkevann
- Mindre byggjetiltak på utbygd eigedom
- Nabovarsel - byggjesak
- Sikring og rehabilitering av bygg
- Vassforsyning - drikkevatn
- Bruksendring
- Byggetiltak som ikke krever søknad og tillatelse
- Forhåndskonferanse
- Mindre byggetiltak på bebygd eiendom
- Nabovarsel - byggesak
- Bolig - Mikrohus
- Bruksendring
- Bustad - oppføring av ny bustad
- Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve
- Førehandskonferanse
- Byggavfall - kildesortering
- Bygge- og aktivitetsforbud langs offentlig veg - dispensasjon
- Driftsbygning i landbruket
- Byggavfall - kjeldesortering
- Driftsbygning i landbruket
Sist oppdatert
