Spesialpedagogisk hjelp til barn
Kort fortalt
Også barn som ikkje har begynt på skulen enda kan få hjelp i for eksempel språklege eller sosiale dugleikar. Dette blir kalla spesialpedagogisk hjelp for barn i barnehagealder.
Beskrivelse
Er du uroleg for at barnet ditt ikkje utviklar seg som det skal? Ditt barn kan få hjelp i si utvikling og læring allereie før det startar på skulen og uavhengig om det går i barnehage eller ikkje. Formålet med spesialpedagogisk hjelp er å gi barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av for eksempel språklege og sosiale dugleikar. Barnet ditt kan få spesialpedagogisk hjelp individuelt eller i gruppe. Foreldrerådgivning er ein del av tilbodet.
Målgruppe
Foreldre som er uroleg for utviklinga til barnet sitt eller barnehagen eller helsestasjonen.
Kriterier
Somme grunnar til uro kan vere at barnet
- Har seinka språkutvikling
- Har sosiale eller emosjonelle vanskar
- Ikkje utviklar seg motorisk eller kognitivt som forventa
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd teneste. SjåBarnehagelova § 31
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Kommunen skal
- involvere og spørje foreldra før dei tek avgjerder som gjeld barnet
- vurdere om barnet treng spesialpedagogisk hjelp
- be PP-tenesta om å gjere ei sakkunnig vurdering dersom foreldra, kommunen eller barnehagen meiner at barnet treng spesialpedagogisk hjelp
- fatte eit enkeltvedtak som seier om barnet skal få spesialpedagogisk hjelp eller ikkje, og kva hjelpa skal vere
- gi barnet spesialpedagogisk hjelp slik det er skildra i enkeltvedtaket
- sørgje for at det blir laga ein skriftleg rapport om den spesialpedagogiske hjelpa og utviklinga til barnet ein gong i året
- krevje at kommunen undersøkjer om barnet deira treng spesialpedagogisk hjelp
- bli involvert og si ja før kommunen ber PP-tenesta om å utgreie barnet
- bli involvert og si ja før kommunen fastset at barnet skal få spesialpedagogisk hjelp
- få ein skriftleg rapport ein gong i året om hjelpa barnet får, og ei vurdering av korleis barnet utviklar seg
- klage dersom barnet ikkje får spesialpedagogisk hjelp
- klage på innhaldet, gjennomføringa eller organiseringa av hjelpa
Saksbehandling
Dersom det er du som forelder som har ei uro, kan du be kommunen om ei sakkunnig vurdering av barnet, eller du kan be kommunen om spesialpedagogisk hjelp. Dersom det er nokon andre enn foreldra, for eksempel tilsette i barnehagen, som melder uro til kommunen, må kommunen innhente samtykke frå foreldra før dei kan vise barnet til ei sakkunnig vurdering hos PP-tenesta. Kommunen sender så ei tilvising til PP-tenesta. PP-tenesta involverer foreldra og gjer ein utgreiing som blir avslutta med ei tilråding. Kommunen fattar eit enkeltvedtak og sender det til foreldra.
Klagemulighet
Foreldra har rett til å klage, både på avslag og på innhaldet i vedtaket, saksbehandlinga og på manglande oppfylling av enkeltvedtaket. Foreldra skal sende klaga til kommunen. Statsforvaltaren er klageinstans.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 27.02.2025
Relatert informasjon
Tjenestebeskrivelser
- Центр женской консультации
- Dearvvašvuođastašuvdna
- Sağlık ocağı
- Special Education Assistance for Children
- Centre médical
- Health Clinic
- العيادة الصحية
- Spesialpedagogisk hjelp til barn
- Helsestasjon
- Helsestasjon
- Грудничковые группы
- Njuoratmánnájoavkkut
- Annelik grupları
- Groupes Jeunes Parents
- Barselgrupper
- مجموعات المولود الجديد
- Postnatal groups
- Barselgrupper
- Медико-санитарные услуги для беженцев, лиц, ищущих убежища и воссоединенных членов семьи
- Dearvvašvuođa- ja fuolahusbálvalusat báhtareddjiide, dorvoohcciide ja sidjiide geat leat bearrašiin deaivvadan
- Mülteciler, sığınmacılar ve yeniden birleşen aileler için sağlık ve bakım hizmetleri teklifi
- Offre de services de soins et de santé aux réfugiés, demandeurs d’asile et bénéficiaire du regroupement familial
- Health and Care Services for Refugees, Asylum Seekers, and Family Reunification Beneficiaries
- الخدمات الصحية والرعوية للاجئين وطالبي اللجوء والقادمين عبر جمع الشمل الأسري
- Helse- og omsorgstjenestetilbud til flyktninger, asylsøkere og familiegjenforente
- Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte
Sist oppdatert
